

​​Honninggården.no
Produkter og tenester
Vårt hovudfokus som bedrift vil vera å tilby lokalprodusert honning og birøktertenester. Det er viktig for oss å kunna tilby produkt som hjelper lokalsamfunnet å bli meir bærekraftig samt styrkja samhald og trivsel.

Honning
Me kan tilby sommarhonning i frå ulike frukttre og blomar. Når det lir mot hausten flyttar me biene ut til områder på Hufthamar som har mykje røslyng og klokkelyng. Ulike planter gjer ulik smak og aroma til honningen. Prøv sjølv! Me har gunstige prisar. Ikkje nøl med å ta kontakt.

Pollinering
Har du frukttre og ynskjer pollinering? Me stiller gjerne opp med bier! Ta kontakt dersom dette er aktuelt for deg, eller om du ynskjer meir informajon.
​

Bikube i hagen
Om du synest det er spanande med bier eller berre ynkjer å alltid ha fersk honning i skapet kan me gjerne låne deg ein bikube. Honninggården vil ta fullt ansvar for stell og vedlikehald medan du får tusenvis av flittige hagearbeidarar til å pollinere dine planter. Barn i dag veks opp med mat som tilsynelatande veks i butikken. Vil du vere ein av dei som tek ansvar og visar dine barn kvar maten vår kjem i frå?

Fjerning av biesverm
Bier spreier seg i naturen ved å "sverma". Ein kan gjerne sjå dei klumpa seg saman kring dronninga si. Dei kan til dømes henga i eit tre, eller ein busk. Skulle du vere uheldig og få ein slik sverm i prydbusken er det berre å ta kontakt med oss. Me har utstyr og kunnskap til å fjerna dei på ein trygg og effektiv måte.