top of page

Om Honninggården

Honninggården er eit ansvarleg selskap med delt ansvar (DA). Selskapet vart starta våren 2013 av to gode vener. Ein student i frå Austevoll og ein fjerdegenerasjons biøktar i frå New Zealand. Selskapet har eit mål om å drive berekraftig birøkt som lokalsamfunnet kan nyte godt av.

FormÃ¥let med HonninggÃ¥rden 



VÃ¥rt formÃ¥l er Ã¥ drive med lokal birøkt og alt som høyrer naturlig med til dette. Me vil ogsÃ¥ produsere og selge Honning lokalt i Austevoll og i Bergen og omegn. Me vil ogsÃ¥ kunne tilby, bivoks og bivoksprodukt som lys og etc. Dette er naturlege biprodukter i honningproduksjonen. 



Me tilbyr ogsÃ¥ birøktertenester som innhenting av svermar og, pollinering av frukttre. Med tida har me ogsÃ¥ planar om Ã¥ drive med avl og sal av dronningbier og svermar. Me bruar ikkje kunstige stoffar eller kjemikaliar i samband med birøkt eller honningproduksjon.

​

​

​

Litt om Birøktarane
 



Chris er fødd og oppvokst i den vesle tettstaden Havelock North, som ligg på den nordre øya i øyriket New Zealand. Her har han vore med å drive familien sitt tradisjonsrike birøkterfirma. I den samanheng har han vore ansvarleg for over 1000 bikubar.



Marius er fødd og oppvokst i øyriket Austevoll, som ligg i Sunnhordaland. OgsÃ¥ han kjem i frÃ¥ ein gard der det har vore bier ein gong i tida. Marius studerar ved Høgskulen i Bergen og jobbar som miljøarbeidar i Kirkens Bymisjon. 



 

 

​

 

 

 

​

 

 



 

 

​

 

 

 

​

 

Chris

Marius

VÃ¥r Visjon

​

​

​

"HonninggÃ¥rden skal vere med Ã¥ gjere lokalsamfunnet rundt verksemda meir berekrafig gjennom Ã¥ tilby lokalproduserte produkt av beste kvalitet." 


​

Marius og Chris

​

 

Honninggården og lokalsamfunnet

Bikube i hagen?

 

Om du synest det er spanande med bier eller berre ynkjer å alltid ha fersk honning i skapet kan me gjerne låne deg ein bikube. Honninggården vil ta fullt ansvar for stell og vedlikehald medan du får tusenvis av flittige hagearbeidarar til å pollinere dine planter. Barn i dag veks opp med mat som tilsynelatande veks i butikken. Vil du vere ein av dei som tek ansvar og visar dine barn kvar maten vår kjem i frå?

Oi!...Ein biesverm!!

​

Bier spreier seg i naturen ved å "sverme". Ein kan gjerne sjå dei klumpe seg saman kring dronninga si. Dei kan til dømes henge i eit tre, eller ein busk. Skulle du vere uheldig og få ein slik sverm i prydbusken er det berre å ta kontakt med oss. Me har utstyr og kunnskap til å fjerne dei på ein trygg og effektiv måte.

 

 

bottom of page