

​​Honninggården.no
Austevoll og bier
Visste du at Austevoll har lange tradisjonar for birøkt? Gjekk ein til dømes i frå Vassnes til Kolbeinsvik ein sommardag for 50 år sidan vart ein gjerne akkompagnert av titusenvis av sumande røyster i frå opp til fleire livlege bigardar.

Flora i Austevoll
Austevoll har ein mangfoldig flora med mykje lyng, gjeitrams og engblomar. Store områder er også dekka av lauvtre. Her finn ein mellom anna Selje, Lind, Hegg og ville epletrer der våre små vener kosar seg på varme vårdagar.
Det søte livet på Austevoll
Barn i Austevoll i gjennomsnitt er meir overvektige enn andre barn i landet. Dette fortel lokalavisa Marsteinen i ein artikkel på si nettside i 2013. Helsesøster visar i same artikkel til at riktig kosthald kan vera ein måte å snu trenden på. Honning er eit sunnare alternativ til sukker, då den består av ulike sukkerartar. Det er vitskapeleg bevist at å bruke honning som søtstoff framfor alminneleg røyrsukker kan vere med å minske faren for Hjerte og karsjukdomar. Honning har også tradissjonelt vore brukt som medisin i tusenvis av år.

Kjelder:
http://www.austevollforlag.no/?p=6205
http://en.wikipedia.org/wiki/Honey
​